Hønsehagen Vinkjeller

Viser arkivet for februar, 2011

Skred typer, av geolog Anja Midttun, for SGC.

Sunnfjord GeoCenter kan mellom anna levere geologiske rapporter med skredfarevurderinger for ulike typer skred, som snøskred/sørpeskred, steinskred/steinsprang, jordskred og flaumskred. Vi kan også komme med forslag til sikring.

Bildet er hentet fra Geoportalen.no og viser fjellskred i utrasing fra Trollveggen.

*Skred typer *

Kriterier som må vera til stades for å utløyse skred

1) Det må vera skredfarlig materiale tilgjengelig

2) Terrenget må vera tilstrekkeleg bratt for at eit skred kan bli utløyst. Hellingane vil variere frå skredtype til skredtype

3) Ein utløysingsmekanisme må setje materialet i bevegelse. Desse mekanismane er ofte knytte til ekstreme situasjonar som endrar stabiliteten i massane.

Steinskred og steinsprang
Skred frå fast fjell kan sorterast i kategoriane:

1) Steinsprang (<100 m3), og representerer steinar som losnar i fjellsida.

2) Steinskred (100-100 000 m3) er større bergstykke som losnar frå fjellsider.

3) Fjellskred (>100 000 m3) I nokon tilfelle kan skred med volum på 10 000 m3 dra med seg ur som ligg nedanfor slik at volumet totalt overstig 100 000 m3.

Parameter som triggar store fjellskred er ekstrem nedbør, dette byggjer opp eit høgt vasstrykk i sprekkene. Jordskjelv kan òg løyse ut fjellskred, men då må skjelvet ha ein styrke på >6 på Richters skala. Det har aldri blitt registrert jordskjelv av denne styrken i Norge.

Rørsle i fjellet er observert i lengre periodar før fjellskreda inntreff i form av rystelsar og små skred. Dette kan pågå i fleire månader og veker før skredet går. Geografisk distribusjon av fjellskred visar klart samling i spesielle soner. Ein finn høg frekvens inst i fjordområda i Vest-Norge.

Dei fleste fjellskred er lokaliserte i svake bergartar. Stort sett glimmerskifer.

Ein kan få utløyst steinskred eller steinsprang under kraftig nedbør og snøsmelting eller temperaturvekslingar rundt frysepunktet. Utløysingsårsaker for steinskred og steinsprang er vasstrykk, issprenging, forvitring eller knusing av foten til ei blokk. Sakte sig kan òg på sikt svekka stabiliteten. Det er ikkje berre kulde og mykje nedbør som kan utløyse skred og steinsprang. Det kan til dømes bli utløyst steinsprang ved termisk ekspansjon, der ei blokk blir utvida når den vert oppvarma og glir utover under nedkjøling. Og til slutt er nok rotsprenging ei viktig årsak til fleire steinsprang.

Om hellinga på ei sprekk er brattare enn friksjonsvinkelen vil den gli ut. Den mest vanlege friksjonsvinkelen ligg mellom 25-27°. Ruhet på glideflata har òg veldig stor effekt på om ei blokk vil gli ut eller ikkje.

Skog vil bidra til ein redusert fare for at enkelte blokker frå mindre steinsprang vil kunne nå bebyggelsen i eit område.

Lausmasseskred

Innanfor lausmasseskred finn vi jordskred, flaumskred og kvikkleireskred. Her er kun dei to fyrste skredtypane omtala

Jordskred

Bratte skråningar med morenedekke er utsette for jordskred i periodar med mykje nedbør og sterk snøsmelting. Desto tjukkare morenedekket er jo større kan jordskredet bli. Skråningar som er eksponerte for framherskande nedbørførande vindretning er mest utsette. På vestlandet gjeld dette vestvendte fjellsider pga meir fuktig luft frå orografisk nedbør. Om det regnar i lang tid før ein får maksimumsverdien, aukar sjansen for utløysing av skred i høve til maksimumsverdien på tørr mark. Det skal mindre maksimumsnedbør til for å utløyse skred om det har regna lenge. Får Vestlandet nedbør med ein returperiode på 50-100 år er skråningar med hellingar på 35° utsette for jordskred. Alt etter kor mykje vatn i skredet, vil det eroderast i skredløpet med helling på 20° og meir, medan det vert lagt att med helling på 15° eller mindre.

•Det er mange faktorar som kan bidra til at lausmassane i ei fjellside blir ustabile slik at skredfaren aukar. Nokre prosessar er naturlege, slik som forvitring, som gjer det øvste jordlaget lausare, men menneskelege inngrep kan òg i stor grad påverke jordsmonnet sin stabilitet. Eksemplar på det siste er:

1) Flatehogst

2) Overbeiting

3) Vegbygging

4) Dreneringsarbeid og grave- og sprengingsarbeid

5) Tap eller svekking av vegetasjon kan òg oppstå naturleg. Dette vil vera uheldig fordi røtene bidreg til å fjerne overflødig vatn i skråningane og halde lausmassane på plass.

Alle dei nemnde elementa kan føra til ei svekking av lausmassane sin styrke, men som regel må det ei ekstra belasting til for å utløyse skredet. Om vi ser vekk frå jordskjelv, som kan utløyse jordskred, består denne belastninga nesten alltid av stor tilførsel av vatn i form av regnvatn og/eller smeltevatn med ekstrem avrenning og auka tilsig av grunnvatn.

Mekanisk forvitring (frostsprenging og store mengder vatn) over tid, er ei viktig årsak til utløysing av steinsprang som igjen kan utløyse jordskred.

Vidare vil stor fasthet i jordlaga som regel vera ein fordel, bortsett frå situasjonar der grunnvatn trenger inn under tette topplag og byggjer opp høgt trykk nedanfrå (artesisk vasstrykk). Av andre prosessar i lausmassar kan jordsig nemnast. Dette er ein sakte krypbevegelse der tele løftar dei øvste lausmassane normalt på overflata ved frysing, mens tyngekrafta trekkjer dei samme massane vertikalt ned ved tining.

Flaumskred

Flaumskred skil seg frå jordskred ved at dei er avgrensa til eit eksisterande bekke- og elveløp. Dei oppstår til dømes ved at løpet vert fylt opp av masse over tid eller pga andre oppdemmingar. Når ein får kraftig nedbør og snøsmelting klarar ikkje dreneringssystema å ta under tilførsla av vatn og ein får kraftig erosjon i elveløpet og demningane brest.

Det kan òg oppstå ved at eit jordskred går ut i eit elve- eller bekkeløp. Flaumskred kan bli utløyst med hellingar heilt ned mot 5-10°.

Snøskred

Ein skil vanlegvis mellom to ulike typar snøskred, laussnøskred og flakskred. I ein annan type snøskred kalla sørpeskred, er porene i snøen fylte med vatn og har andre eigenskapar enn vanleg snøskred.

Snøskred førekjem i bratt terreng med hellingar >30° og utan tett skog. Dei fleste snøskred inntreff med hellingar mellom 30-45°. Terreng som er utsatt for snøskred er område som ligg i le for vinden og har former som samlar snø. Dette gjeld til dømes større botnar, opne skåler og forseinkingar, bratte elvegjel og skar. Svaberg og konvekse parti, altså område med strekkspenningar i snøen, er òg utsette.

Snødekket vert ustabilt med 2 mm nedbør (tilsvarar 2 cm snø) pr. time. Om det er mindre enn 2 mm nedbør pr. time vil snøkrystallane sintre og festa seg etter kvart som dei fell. Ved 50 cm snø byrjar terrengdekket å bli utjamna slik at friksjonen vert nedsett.

Laussnøskred

Som regel lyt ein ha ei helling på over 45° for at eit laussnøskred skal verte utløyst. Det vert ofte utløyst under eller rett etter eit intenst snøfall i bratt terreng. Då vil snødjupna auka så raskt at snøkrystallane lenger nede i snødekket kollapsar og kjem i rørsle. Men solskin og regn kan òg vera utløysande faktorar for slike skred. Dei startar alltid frå eit punkt og breier seg utover nedover i skråninga og tek stadig meir snø med seg i skredet.

Flakskred
Slike skred inntreff i lagdelt snø der større eller mindre flak av t.d. fokksnø glir ut samtidig langs eit underliggande svakare lag i snøpakka. Det svakare laget kan t.d. vera begerkrystallar som vert danna i kaldt vêr, rimlag, nysnø eller hagl. I flakskred finn ein alltid eit fastare snølag øvst som glir ut langs eit lag kalla glidesjikt med mindre styrke. Glidesjiktet ligg over eit fastare lag att som vert kalla glideplan. I enkelte tilfelle kan bakken vera glideplanet.

Faren for utløysing av skred aukar med tilveksten av nysnø. Og sannsynlegheita for skred er større ved raskare akkumulasjon. Men vindstyrke og vindretning er òg viktig og vindtransportert snø gjev vanlegvis den største delen av snøakkumulasjonen. Ein annan viktig faktor er temperatur. Plutselig temperaturstigning gjev ustabilt snødekke pga nedsatt fastheit i snøen. Lange kuldeperiodar gjev gode vekstvilkår for begerkrystallar.

Sørpeskred

Slike skred kan utløysast på hellingar heilt ned til 4°. Det er fjellsider som er vendt mot framherskande vindretning som er mest utsette. Det er i desse fjellsidene me får mest nedbør og fordi varmetilførsla frå lufta her er størst, får ein den mest intense snøsmeltinga. Skreda vert utløyste pga av høgt vasstrykk i snødekket og tilførsla av vatn overstig då avrenninga. Det skal mykje vatn til for å utløyse sørpeskred og dei vert ofte utløyste under intense nedbørsperiodar saman med snøsmelting. Område som samlar mykje vatn som bekkeløp, myrar og svaberg er typiske utløysingsområde for sørpeskred. Laus nysnø eller grovkorna laus pakka snø er mest utsett då desse absorberer mykje vatn.

Av Geolog Anja Midttun, for Sunnfjord GeoCenter.

Følg denne på Facebook HER

Hovedkontor, G&G tjenester og rammeavtale m/ Ross Offshore.

Vi er ei bedrift i Sogn og Fjordane, Sunnfjord GeoCenter, som blant anna er leverandør av landbaserte geologiske tenester. Vi er lokalisert i Stongfjorden i Askvoll kommune, men har heile Vestlandet som arbeidsfelt.

Sunnfjord GeoCenter kan mellom anna levere geologiske rapportar med skredfarevurderingar for ulike typar skred, som snøskred/sørpeskred, steinskred/steinsprang, jordskred og flaumskred. Vi kan også kome med forslag til sikring.

Vårt hovedkontor ligger i Stongfjorden, men vi vil også etablere oss med kontor i Florø Næringshage fra 1. april 2011.

Sunnfjord Geo Center kan bidra med utvikling av

Offshore- / Sub-Surface tjenester fra Sunnfjordregionen/Florø.

Vi signerer i disse dager en 3 års Rammeavtale med Ross Offshore, med opsjon på 4 nye år. Dette innebærer at Sunnfjord Geo Center vil kunne levere tjenester gjennom og sammen med Ross Offshore. Ross Offshore vil dermed bli en viktig samarbeidspartner inn mot vår nyetablering i Florø fra april.
Vi har som overordnet, og langsiktig mål, å levere Geologi og Geofysikk tjenester (G&G) mot brønnplanlegging, oppfølging under boring av brønn, samt etterarbeide som kreves etter bore operasjoner. Dette vil i første omgang være konsulenttjenester der en utøver (konsulent) jobber hos, eller sammen med kunde, etter behov og ønske. Videre vil vi også kunne tilby Geologisk evaluering av reservoaret / feltet der en Geomodell kan være et endelig resultat, sammen med strukturgeologiske og sedimentologiske analyser. I tillegg gjør vi også evalueringer mot Hydrokarbon-migrasjon og vurdering av reservoarinnfylling.

Det kortsiktige målet vårt vil være å ta oppdrag som dekker G&G-aktiviteter knyttet til Petroleumsteknologi-miljøer (Petek-miljøer), og innen leting og utforsking. Dette vil være et miljø som kan tilby, og levere tjenester til oljeindustrien, gjennom det som omtales som”single placement”, der konsulenter jobber internt i kundens` kontorlokaler. I tillegg er også målet å ta større integrerte intern prosjekter, til et hovedkontor som er lokalisert i vår region. Under denne prosessen skal vi bygge en stab av Geologer, Geofysikere, Wellsite Geologer, Reservoar- og Produksjonsingeniører, med den langsiktige målsetningen å lage et Petek-miljø i Florø regionen.

Følg denne på Facebook HER

Sunnfjord GeoCenter, Stongfjorden, signerer 3 års rammeavtale med Ross Offshore med opsjon på 4 nye år.

Sunnfjord Geo Center signerer en 3 års Rammeavtale med Ross Offshore, med opsjon på 4 nye år. Dette innebærer at Sunnfjord Geo Center vil kunne levere tjenester gjennom Ross Offshore, eller de gjennom oss. Ross Offshore vil dermed bli en viktig samarbeidspartner inn mot SGC sin nyetablering i Florø Næringshage fra 1. april 2011. Her vil vi jobbe tett, og sammen med, et voksende miljø innenfor olje og gass leveranser fra Sogn & Fjordane.

Ross Offshore kan leses om HER
SGC kan følges også HER

Intimkonsert med Benny Borg om Legenden Johnny Cash.

4 bord, 36 gjester. Ein gitar, mikrofon, barkrakk og eit glas vann…
Tett på Benny Borg, i Hønsehagen Vinkjeller v/ Sunnfjord Geo Center 15. april.
Konserten er utsolgt

Sidan 2002 har Benny Borg markert seg med sterke, underhaldande og personlege forestillingar om Cornelis Vreeswijk, Elvis Presley og sin eigen sjølvbiografiske forestilling På livets karusell. Nå står Johnny Cash for tur.

Ei forestilling om Jonny Cash har ulma i Benny Borg heilt sidan han las Cash sin sjølvbiografi “Man in black” for over 30 år sidan. Historia om Johnny Cash er inga… søndagsskulefortelling, men ei dramatisk historie med dop, alkohol, kvinner, utageringar og sjølvdestruksjon som hovedingrediensar. Han opplevde fantastisk suksess, men også mange nedturar og økonomiske problem. Han krasjet truleg like mange biler som Elvis hadde i alle sine garasjer. Han ramponerte hotellrom og svikta til tider sine nærmaste, og hadde mange kvaler for dette. Dei fire døtrene hans frå fyrste ekteskap voks opp med ein far som de nærast såg på som ein framand. Men bak alt dette var der ein sterkt religiøs og kunnskapsrik mann.

Han vart talsmann for dei svake i samfunnet og hausta mykje heder og ære for det. I 1995 gjorde Johnny Cash eit av tidenes største comeback då han spelte inn ei plate kun med sin eigen gitar som akkompagnement. Plateanmeldarane hylla han som ein heimkomen romersk krigar. I 2003, berre tre månader etter at han hadde mista si kone gjennom 43 år, døde Johnny Cash 71 år gamal.

No gjev Benny Borg deg sin Johnny Cash, og framfører bl.a. Folsom Prison Blues, I Walk The Line, San Quentin, A Boy Named Sue, Give My Love To Rose, Hurt, Man In Black, Cocaine Blues.

Ring for billettbestilling fra 1. mars. Tlf: 92 89 29 69 (Synne).

Billettpris à 850,-. Dette inkluderer konsert, velkomstdrikk, sjokolade m/honning & kanel, middelaldemat, dessert, kaffe/te og kanskje noe ekstra servering før, eller etter konserten.

Se video HER

Brødrene Paul og Henning Hansen m/resten av Cortina i Stongfjorden

Her fra signering av cd etter endt konsert. Paul lar seg gjerne avbilde og stiller villig opp. Birgit Pellerud og Gunn Iren Solheim synes ikke å ha noe imot det.Se videoklipp, fra når de var på SGC, av sangen “In the Rain” fra debut albumet “Been a long time” HER:

På Sunnfjord Geo Center ble det spilt mange sanger fra deres nye album som kommer 25. mars. Du verden for en gruppe og for en herlig musikk!!Løp og kjøp folkens!
Tillatelse til publisering er gitt av artistene og Cortina.